Hans Svane

Hans Svane (1606-1668) erkebiskop i København, fødd i Horsens i Danmark. Eigar av Svanøy-godset 1662-1668.
Var ein av dei mektigaste og rikaste menn i det dansk-norske kongeriket på 1600-talet. Han vert av mange samanlikna med den franske kardinal Richelieu: Velutdanna og intelligent, med stor sans for maktspel, og dessutan rikt gift - med Marie Fiuren Svane. Han var medlem av statskollegiet, vart statsråd og assessor i Høgsterett, seinare erkebiskop i København. Lånte kong Fredrik den III store pengesummar til krigføring, og som oppgjer for gjeld, fekk Svane i 1662 storgarden på Svanøy og 339 andre gardar i Sunnfjord frå kongen.
Erkebiskop Svane var med prins Christian (seinare kong Christian V) på ei ferd til Norge i 1661, men var ikkje sjølv til Sunnfjord og Bru. Då biskop Svane døydde, fekk enkja Marie Fiuren kong Christian V til å gjere godset til adeleg setegard i 1685 , og fekk endra namnet frå Bru til Svanøy.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 04.03.2008