Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Dale

Harald Dale (1902-1988) frå Høyanger. Fabrikkarbeidar. Motstandsmann i Høyanger under 2. verdskrig.

Harald Dale (1902-1988) frå Høyanger. Fabrikkarbeidar. Motstandsmann i Høyanger under 2. verdskrig.

Arrestert av Gestapo februar 1945 etter angiveri ved verket, overført til Bergen 10. februar. Måtte som kameraten Trygve Sæbø etter svært grov tortur røpe samband mot Milorg-grupper som var under oppbyggjing i Indre Sogn. Dette førde til rask opprulling av organisasjonen over heile fylket, og 72 personar vart arresterte. Arrestert 10.02.1945, overført Bergen, overført Espeland 22.02.1945 og sat der til freden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2010