Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Gjengedal

Harald Gjengedal fødd 1956, frå Sandane, busett i Bergen. Tannlege og friidrettsutøvar for Fjellhug/Vereide og seinare for Gular i Bergen.

Som hekkeløpar tok Gjengedal gull på 400 meter hekk i 1975 og 1976, og vart noregsmeister i seniorklassen 1976, 1977, 1978 og 1979. Han tok bronse på 400 meter løp i 1979, og deltok i 12 landskampar for Noreg.

Han hadde krinsrekorden på 400 m hekk med tida 52.0 i 32 år frå 1979 til 2011. Gjengedal har arbeidd som spesialtannlege ved Odontologisk klinikk, Universitetet i Bergen, og i privat praksis.

I 2012 disputerte han for doktorgrad ved Universitetet i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2012