Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Hårfagre

Harald Hårfagre saman med faren Halvdan Svarte. Illustrasjon frå Flateyarbok.

Harald Hårfagre saman med faren Halvdan Svarte. Illustrasjon frå Flateyarbok.

Harald Hårfagre (ca. 865-932). Norsk konge, rekna som den første rikskongen som etter sagaen hadde samla Noreg til eitt rike i 855. Han skal ifylgje sagaen vere son til Opplands-kongen Halvdan Svarte og dottera til småkongen Sigurd Hjort på Ringerike.

Harald Hårfagre arva m.a. Sygnafylket etter faren, det er sannsynleg at han hadde Sogn som utgangspunkt då han la småkongedøma på Vestlandet under seg. Det er truleg at Harald Hårfagre kan ha gjort opptaket til skiping av Gulatinget som felles tingstad for stridbare hersar og bønder på Vestlandet.

Ut frå denne hypotesen vart Gulen valt ikkje berre fordi den låg geografisk sentralt i Firda-, Sygna- og Hordafylka, men også fordi Gulen var "nøytral" grunn mellom dei mektige småkongedøma som hadde hovudsete lengre inne i fjordane.

Far til Håkon Adalsteinfostre.

Sjå òg

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.03.2010