Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Olav Risnes

Harald Olav Risnes fødd 1944, frå Stryn. Rådmann i Stryn i 33 år. Han tok til som kontorassistent i Stryn kommune i 1964, vart seinare formannskapssekretær og deretter kontorsjef. Frå 1972 til 1974 var han kontorsjef i Midtre Gauldal kommune.

I perioden fram til 1976 tok han utdanning ved Kommunalhøgskulen. Han var rådmann i Stryn frå1976 til 2009. I løpet av rådmannstida deltok Risnes i 825 formannskapsmøte og la fram tilråding i over 12.000 saker.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.03.2011