Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Risnes

Harald Risnes (1914-1967) leia Bjørn West-styrkane som mot slutten av andre vedrdskrigen kom i kamp med tyske soldatar i Matrefjella.

Harald Risnes (1914-1967) leia Bjørn West-styrkane som mot slutten av andre vedrdskrigen kom i kamp med tyske soldatar i Matrefjella.

Harald Risnes (1914-1967) frå Skifjorden. Offiser; kaptein under andre verdskrig. Best kjend som sjef for heimestyrkane " Bjørn West" i Matrefjella dei siste månadane av krigen.

Risnes fekk utdanning på underoffiserskulen og politiskulen og var tilsett ved Bergen politikammer då krigen braut ut i 1940. Drog i 1941 til England med ein motorbåt frå Kinn.

Med under Måløy-raidet

I England vart han nestsjef for det norske kompaniet av commandosoldatar og fekk løytnants grad. Han deltok i Måløyraidet 27. desember 1941. Seinare gjorde han teneste m.a. på norske torpedobåtar på oppdrag langs norskekysten. Risnes var nestsjef under det allierte raidet mot kisgruvene på Stord 24. januar 1943.

Bygde opp «Bjørn West»

Frå sommaren 1944 fekk han ansvaret for organisering av heimefrontstyrken som skulle byggjast opp i Matrefjella i Nordhordland under kodenamnet «Bjørn West». Gruppa talde etter kvart 250 mann. Den vart oppdaga og kringsett av omlag 500 tyske soldatar. Siste krigsdagane kom det til harde kampar. Dei norske tapa var seks mann, medan tyskarane hadde 117 falne. Like før kampane starta, fekk Risnes kjærasten sin, Aslaug Bjordal, opp til leiren, der dei vart gifte av feltpresten. Aslaug rømde til Førde i Bjordal då krigen starta, og vart teken hand om av Olav Førde.

Aslaug og Harald Risnes fotograferte før krigen. Dei gifte seg 5. april 1945 på Stordalen Fjellstove like før kampane mellom Bjørn West-styrkane og tyskarane. © Fylkesarkivet.

Aslaug og Harald Risnes fotograferte før krigen. Dei gifte seg 5. april 1945 på Stordalen Fjellstove like før kampane mellom Bjørn West-styrkane og tyskarane. © Fylkesarkivet.

I kommunesenteret Hyllestad vart det i 2002 avduka eit minnesmerke over Harald Risnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I kommunesenteret Hyllestad vart det i 2002 avduka eit minnesmerke over Harald Risnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Høgt dekorert

Etter freden den 8.mai 1945 reiste heile «Bjørn West»-styrken til Bergen for å halde ro og orden i byen. Risnes vart utnemnd til oberstløytnant og vart i 1947 kompanisjef i Tysklandsbrigaden. Han var sjef for HV 10 frå 1950 til han døydde i 1967. Risnes vart dekorert m.a. med Krigskorset med sverd, og er saman med Bård Grotle (sjå Kjende personar i Bremanger) dei einaste frå Sogn og Fjordane som har fått denne høgste norske utmerkinga for krigsinnsats. I 2002 vart det avduka eit minnesmerke over Harald Risnes i heimkommunen Hyllestad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.01.2012