Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Skaar

Harald Skaar fødd 1953 i Måløy.

Bygde saman med faren Jon Skaar jr. opp Skaarfish i Florø til eit av landets største eksportselskap for sild, makrell og lakseprodukt. Då Skaarfish fekk økonomiske problem i 1995 og andre overtok (Norway Seafood, seinare Global Fish) flytta Harald Skaar til London, og opparbeidde m.a. ein større eigardel i Pan Fish og var sjef for den europeiske marknadsavdelinga til Pan Fish.

Etter at Pan Fish fekk økonomiske problem og vart reorganisert i 2003, har Skaar drive sitt eige fiskemeklarfirma.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2010