Hopp til innhold
X
Innhald

Harry Mowatt

Harry Mowatt (1949–2017), fødd i Dalsbygda, Hyllestad. Distriktsarbeidssjef, personalsjef, trygdesjef og Arbeidarparti-politikar.

Harry Mowatt. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Harry Mowatt. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Mowatt tok utdanning innan arbeidsformidlingsetaten og var distriktsarbeidssjef i Florø 1985-1989, personalsjef i Skaarfish 1989-1992 og trygdesjef i Hyllestad 1992-1995.

Mowatt var medlem av Flora bystyre i 15 år, seks år i formannskapet. Ordførar i Hyllestad frå 1995 til 2007.

Medlem i fylkestinget og fylkesutvalet frå 2003 til 2011, var leiar i styret for Sunnfjord Energi, nestleiar i styret for Fjord1 Fylkesbaatane, styremedlem i Helse Førde og medlem i fylkeslandbruksstyret.

Mowatt hadde tillitsverv innan arbeidsformidlingsetaten, og var styremedlem i fylkesavdelinga av KS (Kommunenes Sentralforbund) 1983-1987.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.08.2017