Hopp til innhold
X
Innhald

Håvard Gutubø Bogetveit

Håvard Gutubø Bogetveit fødd 1992 i Oslo, busett i Førde frå 1999. Skiskyttar og langrennsløpar. Han tok bronse på 10 km friteknikk i junior-NM i langrenn i 2009, sølv på normaldistansen og på sprinten i junior-NM i skiskyting i 2009, gull i junior-NM i sommarskiskyting i 2009, bronse i fellesstarten og gull på sprinten i junior-NM i skiskyting i 2010.

I 2013 gjekk han på det norske laget som tok gull i junior-VM (saman med m.a. Johannes Thingnes Bø frå Stryn). Individuelt vart han nummer 16 på normaldistansen.

I senior-NM gjekk han på laget til Sogn og Fjordane som tok gull på stafetten.

I 2014-sesongen gjekk han fleire renn i europacupen (IBU). I mars gjekk han heilt til topps i eit sprintrenn i Martell i Italia, og han fekk sin verdscupdebut i Holmenkollen. I senior-NM på Voss same året vart han nummer fire på normaldistansen og nummer 20 på sprinten, og han gjekk på laget til Sogn og Fjordane som tok gull på stafetten.

Håvard Gutubø Bogetveit saman med frå v. Tarjei Bø, Jarle Midthjell Gjørven og Johannes Thingnes Bø etter sigeren stafetten i senior-VM 2013. Foto: John Roger Meland.

Håvard Gutubø Bogetveit saman med frå v. Tarjei Bø, Jarle Midthjell Gjørven og Johannes Thingnes Bø etter sigeren stafetten i senior-VM 2013. Foto: John Roger Meland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016