Faktaboks

Helga Hjetland

Helga Kjellaug Hjetland

Fødd
18. april 1948, Vågsøy, Vestland.
Helga Hjetland i 2009.
Helga Hjetland i 2009.
Av /NTB.

Helga Hjetland er adjunkt og i mange år markant leiar av Utdanningsforbundet. Utdanningsforbundet er Noregs tredje største arbeidstakarorganisasjon, med omlag 170 000 medlemmar.

Bakgrunn

Helga Kjellaug Hjetland er fødd i Vågsøy (no Kinn) i Sogn og Fjordane (no Vestland) og er oppvaksen på Sandane i Nordfjord. Ho er utdanna adjunkt frå Stord lærarhøgskule (1969–1971), med tilleggsfaga samfunnsfag og kristendom ved Lærerskolen i Bergen (1972–1973).

Karrieren

Ho har arbeidd som lærar i Høyanger (1971–1972) og ved Løvås skole i Bergen (1973–1982), og som lærar og rektor ved Kyrkjebø skule i Høyanger fram til 1988, då ho blei tillitsvald på heiltid som leiar av Sogn og Fjordane Lærarlag (1988–1995). Hjetland var leiar i Norsk Lærarlag (1994–2001) og deretter den første leiaren i Utdanningsforbundet (2001–2009), etter at Norsk Lærarlag og Lærerforbundet fusjonerte. Etter at ho gjekk av med pensjon blei ho mellom anna engasjert av Kunnskapsdepartementet i eit femårig prosjekt som skal følgje med på den nye lærarutdanninga.

Hjetland var medlem av Bjørgvin bispedømeråd i 1990–1994 og leiar i 1994–1995. Ho har vore styreleiar for FN-sambandet (frå 2007), styremedlem i UNICEF Noreg (frå 2002) og styremedlem i Noregs Mållag (frå 2010 til 2016).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg