Hopp til innhold
X
Innhald

Helge Barstad

Helge Barstad (1928-2012) frå Vartdal i Ørsta, busett i Førde.  Jordskiftedommar og Høgre-politikar.

Helge Barstad (1928-2012) frå Vartdal i Ørsta, busett i Førde. Jordskiftedommar og Høgre-politikar.

Ordførar i Førde frå 1979 til 1981, då han vart statssekretær i Landbruks-departementet under statsråd Johan C. Løken. Gjekk av då Kåre Willoch danna koalisjonsregjering 1983. Arbeidde dei siste åra i jordskifteverket som fylkesjordskiftesjef i Sogn og Fjordane.

Far til Hilde Barstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.09.2012