Hopp til innhold
X
Innhald

Helge Johan Bell

Helge Johan Bell (1946-2002) frå Gaular, busett i Oslo. Dr. med. og professor ved Aker sjukehus. Cand. med. UiO 1972, tok doktorgrad i 1985. Spesialist i indremedisin og fordøyelsessjukdomar.

Bell har arbeidd som forskar og lege ved fleire institusjonar i Oslo. Bell gjorde ein særleg stor innsats innan forsking på alkoholisme og leversjukdomar, og har hatt fleire tillitsverv innan Indremedisinsk forening og Statens Institutt for Alkohol og Narkotikaforsking.

Tildelt professor Ragnar Vogts gullmedalje for alkoholforsking i 1983.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.01.2010