Hopp til innhold
X
Innhald

Helge Thomassen Offerdahl

Helge Thomassen Offerdahl.

Helge Thomassen Offerdahl.

Pellerins margarin var eit resultat av arbeidet til Helge Offerdahl.

Pellerins margarin var eit resultat av arbeidet til Helge Offerdahl.

Helge Thomassen Offerdahl (1855-1938) frå Ofredal.

Husmannsson frå Kleivi og bror til Ole Offerdahl. Apotekar og rekna som «margarinens far».

Offerdahl gjekk i apotekarlære i Lærdal 1873-1877, og etter læretid ved andre apotek, tok han i 1880 apotekareksamen ved Universitetet i Oslo. Etter arbeid ved fleire apotek i Sør-Noreg, tok han utdanning i næringsmiddelkjemi i Noreg, Sverige og Tyskland. I Bergen vart han lærar og sensor i kjemi, retts- og politikjemikar og kjemisk konsulent ved Bergen Tollkammer. Han fekk skipa Bergen Farmasøitiske Forening i 1895.

Åt store mengder kvalfeitt

Offerdahl gjekk i 1912 i spissen for å skipe De-No-Fa A/S, som baserte seg på framstilling av margarin og andre matvarer av kvalolje. Det var næringskjemikaren Offerdahl som frå 1905 stod for det banebrytande arbeidet med å utvikle margarin av kvaloljen ved å herde feittet. For å overtyde skeptikarane om at kvalolje kunne nyttast som menneskeføde, brukte han seg sjølv som testperson og åt store mengder kvalfeitt! I katalysatorprosessen vart det også nedfelt nikkel i feittet. Offerdahl åt også 500 mg reint nikkel dagleg i 30 dagar for å vise at det ikkje var skadeleg for menneske. Margarin av kvalfeitt var på store deler av det 1900-talet det viktigaste «erstatningssmøret» i hushaldningane.

Offerdahl var medlem av styret i De-No-Fa A/S 1912-1922, og i representantskapet 1922-1938.

Han gav i 1934 ut «Korte erindringer fra en svunden tid».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011