Hopp til innhold
X
Innhald

Helje Bagge

Helje Bagge går saman med bøndene i Innvik og tek livet av nyefuten. Illustrasjon: Ståle Ådland.

Helje Bagge går saman med bøndene i Innvik og tek livet av nyefuten. Illustrasjon: Ståle Ådland.

Helje Bagge, fut i Nordfjord kring 1515, busett på Heggdal i Innvik. Han slutta i embetet kring 1525.

Futen som overtok etter Bagge kravde inn meir skatt enn han hadde rett til, og både Bagge og bøndene protesterte. Nyefuten nekta å bøye seg. Bagge slo seg saman med bøndene, og under eit møte på Heggdal klemde dei futen til døde mellom tingbordet – ei stor steinhelle – og veggen i tingstova. Etter mordet rømde Bagge, og levde som fredlaus i nokre år. Han hadde m.a. tilhald i Ulvejølet på nordsida av fjorden ved garden Ulvedal. Denne staden heiter «Baggehola» den dag i dag.

Han vann fridomen tilbake ved å «uskadeleggjere» ein munk ved Selje kloster som hadde blitt sinnsjuk. Den kjempesterke munken hadde gjort mykje skade, og no var det berre kjempekreftene til Bagge som kunne overvinna han. Sønene og Bagge rodde til Selje, men berre Bagge gjekk på land for å møte munken. Det vart ein hard kamp, men Bagge drap til sist den sjuke munken, og kunne halde fram som fri mann.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2011