Hopp til innhold
X
Innhald

Hendrich Finde

Hendrich Finde d. 1771, frå Hellevik. Jordeigar. Eigar og busett på garden Hellevik frå 1755.

Ved giftarmål med Anne Dorthea Daae, som ætta frå den rike prost Anders Daae i Vik, fekk Finde hand om enorme eigedomar og rikdomar i Sunnfjord og Sogn. Då ektepartet døydde i 1771, viste buet at dei eigde 75 gardar i Sunnfjord og 19 gardar i Sogn.

Det rike ekteparet eigde også Holmedalskyrkja, der dei sat opphøgde over resten av kyrkjelyden i eit eige «bur» oppe på veggen når dei gjekk til kyrkje. Ved Holmedalskyrkja fekk dei også alle tiendeinntektene som høyrde med.

Dei hadde også kontroll over store deler av tiende-inntektene frå Hopperstad stavkyrkje i Vik og frå kyrkjene i Dale og Fortun i Luster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008