Hopp til innhold
X
Innhald

Henrik Angell

Knallhard militærkarriere

Henrik August Angell (1861-1922) frå Luster, busett i Oslo. Offiser, eventyrar og skipionér.
Var offisersson, og hadde dei ti første oppvekståra sine på garden Kvåle i Luster, men familien flytta til Bergen kring 1870.

Knallhard militærkarriere

Offiser 1882, tenestegjorde ei tid i generalstaben og tok generalstabseksamen 1898. Vart major og bataljonssjef i infanteriet 1910, og oberst og regimentsjef i 1911.

I Framandlegionen

Søkte i 1918 avskjed som norsk offiser og let seg verve som løytnant i den franske Framandlegionen. Tenestegjorde ved vestfronten i 1. verdskrig og i borgarkrigen i Russland på tsaren si side. I Russland vart han sterkt frostskadd og måtte seinare amputere fleire lemmar. Vart i 1920 offiser i den franske «Æreslegionen».

Framsida av boka Henrik Angell skreiv om Leirdalske Skiløbercompagnie.

Framsida av boka Henrik Angell skreiv om Leirdalske Skiløbercompagnie.

Relieff av Angell på bauta i Luster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Relieff av Angell på bauta i Luster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ivrig skiløpar

Angell er likevel mest kjend som ein ihuga skiløpar og idrettsorganisator. I ungdommen gjorde han fleire skiferder i fjella på Balkan, og skreiv m.a. om opplevingane i boka «Gjennem Montenegro paa ski» i 1895. Frå Balkan skreiv han også m.a. bøkene «De sorte fjelds sønner» og «Et sterkt folk». 1904 var han skiinstruktør for franske alpetropper i Briancon.

Sykla i Europa

I tillegg til skiferdene, sykla Angell gjennom store delar av Europa og også Algier på sykkel.

Tala for nynorsk og forsvar

I heimlandet Noreg reiste han på 1880- og 1890-talet rundt som folketalar der han agiterte for eit nasjonalt norsk forsvar. Han reiste også som foredragshaldar for nynorsk målreising, og skreiv også bøker på nynorsk. Angell arbeidde dessutan som kartmålar for Norges Geografiske Oppmåling. Han interesserte seg sterkt for norsk krigshistorie, og skreiv m.a. bøkene «Kaptein Jürgensen og Leirdølene hans» og «Syvaarskrigen for 17. mai».

Bautaen over Angell står ved sjukeheimen i bygda Luster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bautaen over Angell står ved sjukeheimen i bygda Luster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fremja skiidretten

Det er likevel som agitator for skiidretten og idrettorganisator at denne allsidige offiseren har sett djupaste merka etter seg: I boka «Norge 1814-1914» skreiv han om norsk idrett, og «Norsk Skilauparsoge» gav han ut i 1908. Han var første nordmann i den internasjonale olympiske komitéen. Lokalt reiste han m.a. rundt i Sogne-bygdene og agiterte for skiping av idrettslag og skiklubbar.

Minnesmerke

I 1923 vart det reist ei statue av Angell i Holmenkollen i Oslo. Ved sjukestova i fødebygda Luster er det reist ein fem meter høg minnestein med relieff av Henrik Angell. Steinen vart reist i 1924 av Sogn Ungdomslag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2011