Hopp til innhold
X
Innhald

Henrik Gundersen

Henrik Matias (Gunnarsson) Gundersen (1852–1946). Elveeigar, bonde og handelsmann i Naustdal.

Henrik Matias (Gunnarsson) Gundersen (1852–1946). Elveeigar, bonde og handelsmann i Naustdal.

Han kom frå plassen Naustdalslia, og overtok Naustdalsgarden med handel og gjestgiveri i 1885 frå svigerfaren Johan Sebastian Friis.

Bygde fargeri, mølle og snikkarverkstad ved Naustdalsfossen, der han eigde fall- og fiskerettar. I fabrikken arbeidde 13 personar. Bygde i 1899 hotell med 12 gjesterom som vart leigde ut til laksefiskarar om sommaren. I 1910 bygde han eit lite kraftverk i Naustdalsfossen.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.12.2009