Hopp til innhold
X
Innhald

Henrik Krohn

Grava til Henrik Krohn ved Stedje kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Grava til Henrik Krohn ved Stedje kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Grava til Henrik Krohn ved Stedje kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Henrik Krohn (1826-1879) frå Bergen, busett i Sogndal. Handelsmann, fabrikkeigar, målreisingsmann og forfattar.

Krohn kom frå ei aristokratisk kjøpmannsfamilie i Bergen, reiste til sjøs som ung gut, men starta seinare som kjøpmann i Bergen. I 1858 kom han i pengenaud og måtte slutte som kjøpmann. I 1868 kjøpte han Sogndal Tændstikfabrik saman med sivilingeniør M. H. Krog.

Sidan vitja Henrik Krohn ofte Sogne-bygdene. Krohn vart tidleg interessert i landsmålet (seinare nynorsk), og gav 1865–1868 ut ”Ferdamannen” - og deretter «Fraa By og Bygd» frå 1870. Dette bladet gjekk inn i 1880.

Starta første mållaget

I 1868 skipa han det første mållaget i Noreg - ”Vestmannalaget” i Bergen. Krohn var sjølv formann dei første åra, og fekk teikna mange frå den intellektuelle eliten i Bergen som medlemer. Mellom dei som vitja lagsmøta var Ole Bull, Aasmund Olavsson Vinje og Bjørnstierne Bjørnson. Laget arbeidde elles m.a. for å få reist minnesmerke over kong Harald Hårfagre, og gjenreising av Håkonshallen i Bergen.

Kjøpte Stedje gard

I 1874 kjøpte Henrik Krohn Stedje gard (sjå: Storgarden Stedje) i Sogndal og busette seg der. Han utvida hovudhuset frå 1744 med tårn, veranda og arker i frodig sveitsarstil. Her fekk han m.a. vitjing av venen Arne Garborg i 1876.

Forfattar og redaktør

I tillegg til å vere redaktør for to målblad, gav Henrik Krohn ut:

  • Minne fraa ei Stockholmsferd - 1867
  • Smaakvede av... - 1867
  • Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjærland - 1869
  • Fraa Vestlandet - 1868
  • Geirstad-Trond - forteljing på vers - 1869
  • Svein og Gudveig - forteljing på vers 1869
  • Dan rette sida, eit lystspel i fire akter - 1875
  • og diverse skrifter som vart utgjevne av Vestmannalaget i 1909.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.08.2011