Hopp til innhold
X
Innhald

Henrik Lunde

Foto: Arild Nybø, NRK.

Foto: Arild Nybø, NRK.

Henrik L. Lunde fødd 1945 på Lunde. Bonde, Senterparti-politikar og organisasjonsmann i meierisamyrkje.

Medlem av kommunestyret sidan 1975, frå 1979 i formannskapet. Ordførar 1988-1996. Har hatt framståande tillitsverv i meierisamvirket frå 1979. Formann i rådet for Vestlandsmeieriet frå 1985, ordførar i rådet 1991-1994, og styreleiar i Tine Vestlandsmeieriet 1995-2002.

Har sidan 1996 til 2002 vore vekselvis rådsordførar, styremedlem og nestleiar i styret i Tine Norske Meierier.

Lunde var styreleiar i Gaular Sparebank i fleire år, og medlem av utvalet som organiserte Sparebanken Sogn og Fjordane i 1988.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.11.2011