Hopp til innhold
X
Innhald

Herman Erdal

Herman Erdal. Foto: Øystein Tytingvåg.

Herman Erdal. Foto: Øystein Tytingvåg.

Herman Erdal fødd 1967 i Førde. Forretningsmann og sportsskyttar.

Utdanna børsemakar, og driv eigen våpenforretning, Våpenloftet, i Førde. Har vore både vestlands- og fylkesmeister fleire gonger, hatt fleire pallplasseringar i nordiske og internasjonale tevlingar og fekk m.a. femteplass i Landsskyttarstemnet 1993.

Erdal vart Noregsmeister i 15 km skifeltskyting i 2005, og tildelt Kongepokalen. Han vart noregsmeister på sprinten i skifeltskyting i 2006, og tok bronse på normaldistansen i same meisterskapen. I 2010 tok han sin andre Kongepokal då han vart norsk meister i skifeltskyting.

Under Landsskyttarstemnet 2012 vart Erdal nummer seks i feltskytinga, og han vann skogsløpet under stemnet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.08.2012