Hopp til innhold
X
Innhald

Hermod Nitter Walaker

Hermod Nitter Walaker i 1992. Foto: Asle Veien, NRK.

Hermod Nitter Walaker i 1992. Foto: Asle Veien, NRK.

Hermod Nitter Walaker fødd 1929 i Solvorn. Hotelleigar og gallerist. Eig og driv saman med familien det kjende Walaker Hotell i Solvorn, som har vore i Nitter-slekta si eige sidan 1696.

Etter eit stort restaurerings-og ombyggingarbeid, opna Hermod Nitter Walaker kunstgalleri i den gamle låven ved hotellet i 1990; Galleri Walaker 300. Her har det kvar sommar sidan vorte halde utstillingar med kjende kunstnarar, m.a. Knut Rumohr.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2011