Hopp til innhold
X
Innhald

Hermund Kvåle

Hermund Kvåle (1900-1971) frå Sogndal. Redaktør og kunstmålar.
Arbeidde i avisa «Sogns Tidend» som faren Jens Kvåle hadde flytta frå Lærdal til Sogndal i 1904.

Han var ein habil kunstmålar, og henta dei fleste av motiva sine frå landskap og tun i Sogndalsdalen. Kvåle gav også ut diktsamlinga «Då lo du» i 1948 og forteljinga «Vegen til ei kvinne» i 1949.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011