Hjalmar Hjorth Boyesen

Hjalmar Hjorth Boyesen (1848-1895) Professor og forfattar.
Boyesen voks opp på Systrond. Han reiste i 1869 til Amerika etter utdanning i Noreg. Professor i germansk litteratur 1873, og vert rekna som ein av dei viktigaste norske kulturberarane i det norske miljøet i Amerika. Han skreiv til saman 25 bøker om litteratur og samfunnskritikk.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 03.08.2011