Hopp til innhold
X
Innhald

Hugo Mowinckel

Hugo Mowinckel.

Hugo Mowinckel.

Hugo Mowinckel frå Bergen. Generalkonsul for Montenegro. Kjøpte Holvik-garden i 1894.

Hugo Mowinckel var ein ivrig laksefiskar i Storelva. Han kjøpte seg mange rettar elles i Gloppen der han kunne drive jakt og fiske. Midt i Sandane sentrum fekk han skilt ut eit jordstykke som vart tinglyst som «Hugo Mowinckels Jaktfelt»(!). På skøytet skreiv han at her kunne han jakte, «dog ikke efter rugde». Han kalla seg «proprietær», og pryda garden sin med den snobbete nemninga «Holvig Gaard».

Mowinckel sikra seg også fallrettar i Gloppenelva, og fekk løyve til ei sterk regulering av Breimsvatnet for å kunne drive storindustri. Han kjøpte ogspå fallrettar i Norddalsvassdraget i Flora, også der med store industriplanar som det ikkje vart noko av.

Hugo Mowinckel selde garden sin i 1917 til kjøpmann P. Petersen i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.01.2011