Hopp til innhold
X
Innhald

Aldor Ingebrigtsen

Aldor Ingebrigtsen, 1888–1952, var fiskar, organisasjonsmann og politikar i Arbeidarpartiet. Ingebrigtsen var stortingsrepresentant for Troms mellom 1921 og 1952. Frå 1945 var han president i Lagtinget. Ingebrigtsen var den fremste representanten for nordnorsk fiskarbondesosialisme. I 1915 var han sentral i stiftinga av Nord-Norges fiskerforbund, der han var formann frå 1916 til 1930, då organisasjonen gjekk inn i Norges Fiskarlag (stifta 1926). Etter det var han formann i Troms fiskarfylking, til han vart tilsett som fiskeriinspektør i Troms i 1939.
 
Ingebrigtsen reiste Nord-Noreg på kryss og tvers som agitator og stifta over 100 fiskarlag. På Stortinget representerte han interessene til kystfiskarane, men han var også svært oppteken av å utvikle kommunikasjonane i nord.
 
 

Først publisert: 03.02.2015
Sist oppdatert: 03.02.2015