Hopp til innhold
Amanda Igland. Privat foto.
Amanda Igland. Privat foto.
X
Innhald

Amanda Igland

Amanda Grotle Igland var fiskarkone, pensjonatvert, politikar og organisasjonskvinne. Ho var ein pioner i arbeidet for den norske fiskarfamilien sine kår og for å ta vare på kystkulturen vår.

Amanda Igland var fødd 12. september 1917 på Grotle i Bremanger og døydde 14. desember 2002. Ho voks opp i ein fiskar- og småbrukarfamilie og blei sjølv fiskarkone før ho fylte tjue år. I perioden 1970–98 dreiv ho saman med ektemannen pensjonatet Havly i Bremanger. Igland gjorde det til si livsgjerning å betre den norske fiskarfamilien sine sosiale og økonomiske kår. Særleg engasjerte ho seg for situasjonen til fiskarkonene, som ho meinte det ikkje blei teke omsyn til i saker og diskusjonar som galdt kystrelaterte spørsmål. Ho arbeidde òg aktivt for å skape interesse for norsk kystkultur.
 
I 1953 var Igland med på å skipe Noregs Fiskarkvinnelag, der ho var leiar i perioden 1975–86. Ho var òg leiar i Bremanger Fiskarkvinnelag i heile 22 år (1959–81) og leiar i kvinneutvalet i Sogn og Fjordane Fiskarkvinnelag (1959–70). Ei viktig kampsak for Igland var at kvinner skulle få representasjonsrett i landsstyret i Noregs Fiskarlag. Ho kjempa òg for at fiskarar skulle ha rett på ferie, noko som resulterte i Lov om ferie for fiskere i 1972. I tillegg til organisasjonsarbeidet sat Igland i ei rekkje kommunale, fylkeskommunale og nasjonale utval med kystrelaterte oppgåver. Og gjennom fleire år var ho representant i Bremanger kommunestyre og formannskap for partiet Venstre.
 
Igland var ein samfunnsbyggar, og i 1987 fekk ho Kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin. Same året fekk ho òg Kulturprisen i Bremange kommune.
 
Kjelder
Gerdfinn Eithun: «Amanda Igland er borte», Bergens Tidende 19.12.2002
Kåre Furnes: «Fiskarkvinna», 100 år 100 navn. Personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet. Sunnmørsposten Forlag 2000
Ann Therese Lotherington og Bente Thomassen: «Å leva det er å elska». Norges fiskarkvinnelag gjennom 40 år. Tromsø 1993
Kjartan Rødland: «Den verkelege kystkvinna», Bergens Tidende 12.9.2002
 
Peikarar 
Om Amanda Igland på kvinnestemmer.net

Først publisert: 04.02.2015
Sist oppdatert: 01.08.2018