Hopp til innhold
X
Innhald

Carl Morten Iversen

Carl Morten Iversen, fødd 1948, var jazzmusikar med bass som instrument. Iversen var formann i Norsk Jazzforbund i 1972–75 og i Foreningen Norske Jazzmusikere i 1979–81 og 1989–93. Frå 1995 til 1998 var han redaktør for Jazznytt. Iversen har spela med Per Husby, Magni Wentzel, Armen Donelian, Rob Waring og fleire. I 1988 fekk han Buddy-statuetten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.11.2013
Sist oppdatert: 13.11.2013