Hopp til innhold
X
Innhald

Gustav Indrebø

Gustav Ludvig Indrebø, norrønfilolog og språkhistorikar. Livsverket hans er eit omfattande vitskapleg arbeid som skulle danne historisk og språkvitskapleg grunnlag for vidare utvikling av nynorsken.

Indrebø vart fødd i Samnanger 17. november 1889 og døydde i Bergen 3. august 1942. Han tok filologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1917 med faga norsk, tysk og historie. I 1925 tok han doktorgraden på innsjønamn i Oppland fylke. Han arbeidde som lærar og i Riksarkivet nokre år, før han i 1921 vart dosent i norrøn filologi ved Universitetet. I 1930 vart han så tilsett som professor i vestnorsk målføregransking ved Bergens Museum, og same året vart han medlem av Vitskapsakademiet.
 
Forutan sin store tverrfaglege vitskaplege innsats for språk og historie var Indrebø særs aktiv i målreisingsarbeidet i ei tid då dette vann stor framgang. Han var formann i Det Norske Samlaget 1923–29 og i Noregs Mållag 1929–31 (nestformann til 1942) og fekk i denne perioden gjennomslag for auka offentleg bruk av nynorsk.
 
Flogvit frå Sunnfjord
Begge foreldra hans kom frå Førde. Faren var lærar, og dei flytta mykje rundt – først budde dei i Samnanger, deretter på Ålhus i Jølster 1892–99, på Sande i Gaular 1899–1902 og sidan i Maridalen ved Kristiania. Indrebø var ein svært flink elev og student. Han tok artium ved privatskulen Hauges Minde, der nynorsken hadde gode kår. I 1909–10 gjekk han på lærarskulen i Kristiania og hadde Olav Midttun som lærar i nynorsk. Då Indrebø tok embetseksamen, fekk han karakteren 1,4.
 
Historikaren og språkhistorikaren
Som historikar arbeidde Indrebø mest med norsk mellomaldersoge, og han var særleg oppteken av rettsstellet og statusen til ymse administrasjonseiningar. I utgreiinga Fylke og fylkesnamn (1932) tek han for seg den gamle fylkesskipnaden over heile landet, og i bokverket Fjordung (1936) gjer han eit djupdykk i eldre norsk organisasjonssoge. Indrebø sine analysar av den politiske inndelinga i dei ulike landsdelane byggjer på eit veldig kjeldemateriale, og forskingsresultata hans står seg framleis.
 
Det meste Indrebø arbeidde med, var knytt til språkhistorie. Han har publisert fleire forskingsarbeid om norsk språk i eldre tid, og han skreiv Norsk målsoge (1935). Mot slutten av si levetid arbeidde han med eit større manus om same emnet, Norsk målsoga, som kom ut posthumt (1951, ved Per Hovda og Per Thorson). Han har dessutan utarbeidd utgåver av fleire gammalnorske bokverk, til dømes Sverris saga (1920) og Ágrip (1922).
 
Stadnamngranskaren
Under ferieopphald hjå slekta i Haukedalen i 1916 og 1917 gjorde Indrebø si første store stadnamninnsamling. Dette arbeidet munna ut i oppgåva Stadnamni i ei fjellbygd (1921), som har blitt noko av eit mønsterverk i norsk stadnamngransking. I 1921 vart han styrar av det nyskipa Norsk Stadnamnarkiv, og seinare gav han ut fleire verk om norske stadnamn, særleg innsjønamn, fjellnamn og elvenamn. I Norsk namneverk (1927) tek han for seg den historiske lagnaden til stadnamna. Denne framstillinga om skrivemåten av norske stadnamn har fått mykje å seie for seinare norsk stadnamnpolitikk.
            Indrebø var ein sentral person i fornorskinga av stadnamn i mellomkrigsåra. Han argumenterte iherdig for å bruke Noreg i staden for Norge, Nidaros i staden for Trondhjem og Bjørgvin i staden for Bergen. Men målrørsla tapte slaga om dei to bynamna.
 
Målreisaren
Frå midten av 1920-åra til han døydde stod Indrebø i fremste rekkje i arbeidet for målsaka. Dette var ein periode då nynorsken vann stor framgang over heile landet og på stadig nye samfunnsområde – i kyrkjene, i radioen og i det offentlege. I 1930 kom den første lova om målbruk i styringsverket, og Indrebø tok på seg harde personlege bører med å setje lova ut i praksis. I 1932 peika han i ein tale ut to framståande offentlege tenestemenn som han meinte gjorde seg skuldige i brot på mållova. Dei to fekk reist offentleg tiltale mot han for dette, og Indrebø vart dømd til å betale bot. Blant målfolket kom det sterke reaksjonar på denne dommen, ikkje minst sidan domsmannen var ein av dei fremste i riksmålsarbeidet i Bergen.
 
På i-målssida i 1930-åra
Indrebø var heile tida tru mot den tradisjonelle Aasen-forma av nynorsken og stod fram som ein markert forsvarar av mellom anna i-mål. Då den nynorske rettskrivinga skulle reformerast i slutten av 1930-åra, stod han fram som ein av leiarane for Aasen-flokken og gjekk mot ei breiare rettskriving. Mens motstandarane ønskte å endre nynorsken slik at han kom dei nordnorske, trøndske og austlandske dialektane meir til møtes, hevda Indrebø og meiningsfellane hans dette kom til å rive sund og øydeleggje nynorsken. Desse synspunkta hadde nok støtte internt i målrørsla, men dei fekk lite gjennomslag hjå styresmaktene. Den nye rettskrivinga frå 1938 vart brei og open i samsvar med samnorsktanken om språkleg samling.
 
Kjelder
Inger Indrebø Eidissen: Gustav Indrebø: ei livsskildring. Bergen 1993
Kjell Venås: For Noreg og Ivar Aasen. Gustav Indrebø i arbeid og strid. Oslo 1984
Kjell Venås: «Gustav Indrebø», Norsk biografisk leksikon, bd. 5. Oslo 2002

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 30.04.2013