Hopp til innhold
X
Innhald

Ibn-Rusjd

Ibn-Rusjd, latin Averroës, 1126–98, arabisk filosof og lege frå Córdoba i Spania. Han fekk ei leiande stilling i den vestlege, islamske kulturen. Tolkinga hans av filosofien til Aristoteles påverka kristen filosofi i stor grad. Ibn-Rusjd meinte at ingen er udødeleg, men at individet etter døden går inn i ei allmenn, felles forstand som menneskearten har.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.06.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012