Hopp til innhold
X
Innhald

Ibn-Sinâ

Ibn-Sinâ, latin Avicenna, 980–1037, arabisk filosof og medisinar med persisk opphav. Han var ein vesentleg islamsk filosof og tolkar av Aristoteles og nyplatonikarane. Filosofien hans gjorde stort inntrykk og påverka på fleire måtar den kristne skolastikken. Spor av filosofien til Ibn-Sinâ kan påvisast i Divina Commedia av Dante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.06.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012