Hopp til innhold
X
Innhald

Innocens

Innocens frå latin Innocentius, den uskuldige, er namnet på 14 pavar. Innocens den 3. var pave i åra 1198–1216 og ein av dei mektigaste og mest handlekraftige pavane i mellomalderen. Han påstod at paven var avløysar for Kristi og gjorde krav på det politiske overherredømet i Europa.
 
Innocens den 3. støtta erkebiskop Eirik i striden mot kong Sverre og lyste interdikt, paveleg forbod mot all gudsteneste, sakramentbruk, kyrkjelege tenester og vigslar,  over Noreg i 1198. Han fekk i stand det fjerde krosstoget i 1202–04 og førte ein blodig krig mot albigenserane. I 1215 arrangerte Innocens den 3. det fjerde Laterankonsil som gav inkvisisjonsinstitusjonen ei fast utforming, og fastslo dogmet om transsubstansiasjonen (nattverdlæra om det at brød og vin i sakramentet blir omlaga til Jesu lekam og blod).
 
Innocens den 4. var pave i perioden 1243–54, kjempa mot Fredrik den 2. og arrangerte konsilet i Lyon i 1245 som erklærte keisaren avsett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012