Hopp til innhold
X
Innhald

Ivan Illich

Ivan Illich, 1926–2002, var austerriksk-amerikansk filosof og teolog. Illich var prest i New York og prorektor ved det katolske universitetet i Puerto Rico, men braut med kyrkja. I 1962 stifta han Center for Intercultural Documentation (CIDOC) i Cuernavaca i Mexico.
Illich førte ein stadig polemikk mot industrisamfunnet og den vestlege økonomiske utviklingsmodellen, og han leverte kritiske analysar av mellom anna skulen og legevitskapen i bøker som Deschooling Society (1970, norsk: Det skoleløse samfunn) og Medical Nemesis (1976).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 24.07.2014