Hopp til innhold
X
Innhald

Jean Auguste Dominique Ingres

Jean Auguste Dominique Ingres, 1780–1867, var fransk målar og teiknar. Ingres var elev av David og påverka av den nyklassisistiske retninga. Det mest karakteristiske motivet hans er den nakne kvinnefiguren, ofte i mytologiske scener. Fordi han la vekt på linja framfor fargen, representerer han seinklassisismen i det europeiske måleriet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2017
Sist oppdatert: 11.04.2017