Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Itten

Johannes Itten, 1888–1967, var sveitsisk målar og kunstpedagog.

Itten utførte geometrisk-abstrakte bilete og var påverka av mellom anna orfismen. Han var tilsett ved Bauhaus frå 1919 og er kjend som ein av dei fremste teoretikarane ved skulen. Itten gav dessutan ut ei bok om fargelære, Kunst der Farbe (1961).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2017
Sist oppdatert: 11.04.2017