
Kristina Leganger Iversen
Kristina Leganger Iversen, litteraturvitar og forfattar som skriv skjønnlitteratur i grenselandet mellom prosa og lyrikk.
Kristina Leganger Iversen er fødd 21. juni 1989 i Åsane i Bergen. Ho bur i Oslo. Iversen tok ein bachelorgrad i 2011 og ein mastergrad i 2013 i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Masteroppgåva var om portrettmotivet i forfattarskapen til Siri Hustvedt. Ho har også studert Litterär gestaltning ved Universitetet i Göteborg (2014).
Iversen debuterte med diktsamlinga Hjartemekanikk i 2011. Samlinga er ein lyrisk roman, og handlinga krinsar rundt klassiske tema som kjærleik og død. Iversen vekslar mellom lyriske sekvensar og små forteljingar der eg-personen er åleine med minna om kjærasten som ikkje er der meir.
Romanen I ringane kom i 2015. Han handlar om kvinna Jo og dei relasjonane ho har til dei rundt seg, og kva dei gjer med identiteten hennar. Gjennom ein fragmentarisk forteljemåte utforskar Iversen dei sosiale laga vi er ein del av, og korleis kroppen vår set grenser for kven vi er, og kva vi kan bli.
Kjelder
Kristina Leganger Iversen, forfattarbiografi, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/kristina-leganger-iversen [lesedato 20.1.2018]
Kristina Leganger Iversen, biografi, uio.no: http://www.hf.uio.no/iln/personer/vit/kristleg/ [lesedato 21.2.2018]
Peikarar
Kristina Leganger Iversen: «Manifest: Difor skriv Kristina Leganger Iversen», nrk.no
Sist oppdatert: 11.05.2018