Hopp til innhold
X
Innhald

Ludvig Irgens-Jensen

Ludvig Irgens-Jensen, 1894–1969, komponist som gjennom bruk av neoklassisistisk formforståing og polyfoni fekk stor innverknad i Noreg. Irgens-Jensen er mest kjend for orkesterverk Tema med variasjoner (1926) og Passacaglia (1928), Partita sinfonica (1939) og Symfoni (1942). Ved Olavsjubileet i 1930 vann han førsteprisen for Heimferd, ein dramatisk symfoni. Irgens-Jensen skreiv også kammermusikk, songar, korverk og teatermusikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.11.2013
Sist oppdatert: 13.11.2013