Hopp til innhold
Marit Ihle. Foto: Cappelen Damm. Med løyve for Allkunne.
Marit Ihle. Foto: Cappelen Damm. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Marit Ihle

Marit Ihle var forfattar og skreiv oppvekstromanar og barnebøker om å vere tru mot eigen identitet.

Marit Ihle var fødd 11. desember 1954 og døydde 13. september 2010. Ho budde på Fedje i Hordaland. Ihle hadde utdanning og yrkeserfaring som førskulelærar, men utdanna seg seinare ved Skrivekunstakademiet i Hordaland (1991) og tok forfattarstudiet i Bø (1992).

 

Ihle debuterte i 1995 med romanen Minnebok og barneboka Dyneprinsen. Ho gav til saman ut to romanar og tre barnebøker. Forfattarskapen hennar er prega av oppveksten i ein religiøs familie, og karakterane i bøkene strevar ofte med moralske spørsmål og eigen identitet. Språket har mange poetiske vendingar, er fløymande og har ei laus form, er tidvis oppstykka, men gir meining.

 

Minnebok har barnet sitt perspektiv, noko som kjem til uttrykk gjennom den springande tankestraumen. Nikkelhjarte (1997) er eit frittståande framhald av den første romanen. Hovudpersonen har kome i ungdomstida, har mist mor si og har eit ambivalent forhold til ein strengt religiøs far. Ungdomsforvirring kring eigen identitet står sentralt, samstundes som livsglede tilfører romanen energi. Begge romanane er personlege og delvis sjølvbiografiske.

 

Dyneprinsen er eit eventyr om å få vere seg sjølv og om å setje evner framfor status. Kongen som var redd for lyset (2004) handlar om å vere lysredd i staden for mørkredd, ei eventyrforteljing om å verdsetje kjensler. Den siste boka Ihle gav ut, var barneboka Nesten i himmelen (2009), som tematiserer høgdeskrekk.

 

Kjelder

Bergen offentlige bibliotek: «Marit Ihle», bibliografi, bergenbibliotek.no: https://bergenbibliotek.no/inspirasjon/litteratur/vestlandsforfattere/presentasjon-av-forfatterene/ihle [lesedato 1.10.2017]

Bergen offentlige bibliotek: «Intervju med Marit Ihle», 2003, bergenbibliotek.no: https://bergenbibliotek.no/inspirasjon/litteratur/vestlandsforfattere/intervju-med-vestlandsforfattere-1/ihle-interv [lesedato 1.10.2017]

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 05.04.2018