Hopp til innhold
X
Innhald

Odd Emil Ingebrigtsen

Odd Emil Ingebrigtsen, forretningsmann, bokhandlar, lokalpolitikar og frå mars 2020 fiskeri- og sjømatminister i Erna Solberg si blå-grøne regjering.

Odd Emil Ingebrigtsen er fødd 8. oktober 1964 i Bodø. Han var elev ved Bodø videregående skole i 1980–84, inkludert eit år som utvekslingselev i New Jersey i USA i 1981–82. Han har delvis fullført fiskeriøkonomstudiet ved Høgskolen i Bodø i 1984–86.

Ingebrigtsen har vore eigar av Edging Holding (tidlegare familiebedrifta Odds Bokhandel AS) sidan 1991. Firmaet investerer i ulike bedrifter i Nordland. Han var dagleg leiar i Odds Bokhandel i 1988–2004 og administrerande direktør i Boligbyggelaget Nobl i 2008–2013. Deretter var han direktør i BRUS (Bodøregionens Utviklingsselskap) i 2013–18 og administrerande direktør i Indre Salten Energi i perioden 2018–20.

I januar 2020 blei Ingebrigtsen statssekretær for statsråd Tina Bru i olje- og energidepartementet. Då partifellen Geir Inge Sivertsen, som nettopp var blitt utnemnd, trekte seg på grunn av rot med etterlønn, tok Ingebrigtsen over som fiskeri- og sjømatminister i mars 2020.

Ingebrigtsen har vore aktiv i Unge Høgre sidan tenåra, og han var sentralstyremedlem i 1985–86, deretter generalsekretær i Unge Høgre i 1987–88. Han har vore kommunestyrerepresentant for Høgre i Bodø i 24 år, mellom 1992 og 2011, og har vore både gruppeleiar og medlem av formannskapet. Han var òg leiar i lokalpartiet i 1985–87 og 1991.

Som politikar har han alltid vore oppteken av verdiskaping og næringsutvikling, og han vil arbeide for fleire arbeidsplassar og berekraftig vekst i fiskeri- og sjømatnæringa.

Ingebrigtsen var styremedlem i Coop Nordland i 2014–15 og styreleiar i 2015–20. Han hadde òg ei lang rekkje andre styreverv, som han måtte seie frå seg då han blei statsråd.

 

Kjelder

Jørn Mikael Hagen: «Odd Emil Ingebrigtsen blir vår nye fiskeriminister», fiskeribladet.no, publisert 13.3.2020: https://fiskeribladet.no/nyheter/?artikkel=71950 [lesedato 19.3.2020]

Høgre: «Odd Emil Ingebrigtsen», profil, hoyre.no: https://hoyre.no/personprofiler/o/i/oddemil-ingebrigtsen/ [lesedato 19.3.2020]

Odd Emil Ingebrigtsen, profil, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/odd-emil-ingebrigtsen-3670b021/?originalSubdomain=no [lesedato 19.3.2020]

 

Peikarar

Anders Høimyr: «Odd Emil Ingebrigtsen blir ny fiskeri- og sjømatminister», hoyre.no, publisert 13.3.2020

NTB: «Ingebrigtsen overtar midt i koronakrisen», altaposten.no, publisert 13.3.2020

Nærings- og fiskeridepartementet: «Odd Emil Ingebrigtsen er ny fiskeri- og sjømatminister», kommunikasjon.ntb.no, publisert 13.3.2020

Først publisert: 19.10.2020
Sist oppdatert: 19.10.2020