Faktaboks

Ragnvald Indrebø

Ragnvald Andreas Indrebø

Fødd
22. november 1891, Samnanger, Vestland
Død
26. juni 1984, Bergen, Vestland
Verke
Biskop
Familie

Foreldre: Overlærar Ludvig Johannes Indrebø (1864–1921) og Severine Malene Frøysland (1861–1943).

Gift 25.6.1922 med Eva Foss (9.11.1903–26.2.1982), dotter til stasjonsmeister Kristoffer Foss (1878–1935) og Helga Larsen (1878–1951).

Bror til Gustav Indrebø (1889–1942).

Ragnvald Indrebø
Ragnvald Indrebø
Av .
Ragnvald Indrebø
Ragnvald Indrebø
Av /Nynorsk kultursentrum.

Ragnvald Indrebø var bibelomsetjar og biskop. Den såkalla Indrebø-bibelen var einerådande nynorskbibel frå 1938 til 1978.

Ragnvald Indrebø voks opp i Jølster og i Gaular, før familien flytta til Vestre Aker i 1901. Indrebø tok artium i 1911 og vart cand.theol. frå Menighetsfakultetet i 1918.

Etter nokre år som lærar var han sokneprest i Jølster 1922–1927. Deretter var han styrar ved Sunnfjord ungdomsskule og generalsekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund. Frå 1930 gjorde Indrebø presteteneste i Oslo. Han fekk snart mange røyster ved bispeval, og under krigen vart han med i Kristent samråd og Den midlertidige kirkeledelse. Ved bispevalet i Bjørgvin i 1948 fekk han solid fleirtal og vart utnemnd til embetet. Han var ein konservativ teolog som vestlendingane sette pris på.

Frå 1933 arbeidde Ragnvald Indrebø med revisjonen av Fyrebilsbibelen frå 1921. Tekstane skulle samordnast med bokmålsbibelen av 1930, og Bibelselskapet gav ut resultatet som «Revidera umsetjing» i 1938.

Undervisning og forkynning i mellomkrigstida

Indrebø studerte teologi i ein periode med skarp kyrkjestrid, og han streva med trusspørsmåla for sin eigen del. Han kom ut av krisa og kunne seinare vitne at «trua har ein annan grunn å stå på enn den menneskelege tanken». Etter embetseksamen underviste Indrebø nokre år i den høgare skulen og lærarskulen. I 1921 vart han ordinert til teneste som vikarprest, og året etter fekk han fast embete som sokneprest i Jølster.

Frå 1927 til 1929 var Indrebø styrar for Sunnfjord ungdomsskule i Førde og deretter generalsekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund eit halvt år. Han hadde eit nært forhold til ungdomsforbundet og var formann der frå 1934 til 1952. Men i 1929 fekk han ei ryggliding, og det gjorde at tenesta som generalsekretær vart kortvarig.

Frå 1930 verka Indrebø som prest i Oslo. Først var han konstituert sokneprest i Matteus, frå 1934 utnemnd res.kap. i Jakob og frå 1946 sokneprest i Vestre Aker. Ved sida av embetspliktene lét Indrebø seg engasjere mellom anna som styremedlem og sekretær i Organisasjonenes Fellesråd, redaktør i Luthersk Kirketidende (1938–1948), pedagogikklærar ved Menighetsfakultetet og medlem av programutvalet i NRK.

«Indrebø-bibelen»

Studentmållagsbibelen / Fyrebilsbibelen

Ragnvald Indrebø fekk oppdraget med å revidere Studentmållaget si omsetjing frå 1921, slik at ho kom meir i samsvar med bokmålsbibelen. Han rådførte seg stundom med sentrale teologar om tolkingsspørsmål, og med broren Gustav Indrebø om det språklege, men stort sett var revisjonen eit einmannsarbeid.

Studentmållagsbibelen / Fyrebilsbibelen
Av .

Etter at ein revidert bokmålsbibel kom ut i 1930, ville Bibelselskapet ta ansvar også for ei utgåve på nynorsk. Ragnvald Indrebø fekk oppdraget med å revidere Studentmållaget si omsetjing frå 1921, slik at ho kom meir i samsvar med bokmålsbibelen. Han rådførte seg stundom med sentrale teologar om tolkingsspørsmål, og med broren Gustav Indrebø om det språklege, men stort sett var revisjonen eit einmannsarbeid.

Bibelomsetjing er ei svært krevjande øving, og vanlegvis vert ho utført i samarbeid mellom mange aktørar. Det er sjeldan at ein person får ansvar for alle tekstane, slik Indrebø fekk for nynorskbibelen av 1938. Men dermed vart det òg ein god einskap i språk og stil. Ragnvald Indrebø utførte revisjonen på ein fortenestefull måte, og gjennom bibelutgåva sette han ein standard for religiøst språk som kom til å prege eit par generasjonar av nynorskbrukarar.

I 1970-åra nytta Bibelselskapet Indrebø som konsulent for den nye omsetjinga av Det gamle testamentet. Fleire gonger var han òg med i salmebokarbeid.

Kyrkjefronten mot nazismen

Ragnvald Indrebøs posisjon i det norske kyrkjelivet kom til syne gjennom dei sentrale verva han fekk under okkupasjonen. Han var ein av åtte medlemer i Kristent samråd, som fungerte frå oktober 1940 til april 1942. Der samarbeidde leiarar frå dei kristelege organisasjonane med biskopane, og rådet la grunnen for kyrkjekampen mot nazifiseringa av Noreg.

Etter at alle biskopane og dei fleste prestane sa frå seg statsembeta våren 1942, vart Den midlertidige kirkeledelse etablert. Tre biskopar og tre organisasjonsleiarar vart oppnemnde til organet, men som følgje av arrestasjonar og forvisingar vart det fleire utskiftingar før krigen var slutt. Ragnvald Indrebø sat i denne kyrkjeleiinga frå hausten 1942 til sommaren 1944.

Bjørgvin-bispen

Indrebø var biskop i Bjørgvin frå 1948 til han gjekk av med pensjon i 1961. Han sokna helst til dei lågkyrkjelege og konservative delane av Den norske kyrkja, og han var godt likt i sitt eige bispedøme. Som pensjonist publiserte han arbeid mellom anna om dei første biskopane i Bjørgvin og om bibel og salmebok på nynorsk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bondevik, Jarle (2003): Og Ordet vart nynorsk. Bergen: Norsk Bokreidingslag
  • Indrebø, R. (1948): «Biskop Ragnvald Indrebøs vita». Tidsskrift for Teologi og Kirke
  • Voksø, Per og Kullerud, Erik (1980): I trekantens tegn. Oslo: Triangelforlaget
  • Wisløff, Carl Fr. (1971): Norsk kirkehistorie, bd. 3. Oslo: Lutherstiftelsen

Faktaboks

Ragnvald Indrebø
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036372017628

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg