Hopp til innhold
X
Innhald

Tor Ile

Tor Ile, bonde, lokalhistorikar og bygdebokforfattar. Han skreiv bygdeboka for Øyer på dialekt.

Tor Ile var fødd i Øyer i Gudbrandsdalen 20. juli 1880 og døydde same staden 25. januar 1966. Han gjekk Viken ungdomsskule i 1905–06 og tok Storhove landbruksskule i 1908–10. Han lærde seg nynorsk sjølv, gamalnorsk også.
Alt frå barneåra samla han tradisjonsstoff av ymse slag. Den første faglege rettleiinga i bygdehistorie og folkeminne fekk han på eit kurs på Hamar i 1919, med Oluf Kolsrud og Ivar Kleiven som lærarar. Han var uvanleg evnerik, kunne ha levd eit universitetsliv, men vart verande i bygda og tok over odelsgarden. Han pla presentere seg som «bonde Tor Ile», men var òg mykje anna.
I 1930-åra tok han på seg å skrive om seterstell Gudbrandsdalen for Institutt for sammenlignende kulturforskning. Han fullførte arbeidet i 1938. Opp gjennom åra skreiv han ei rad lokalhistoriske artiklar i Årbok for Gudbrandsdalen og i avisa Gudbrandsdølen.
Hovudverket hans er Bygdabok for Øyer i fire band, utgitt frå 1958 til 1980. Verket femner vidt, ting blir sette inn i større samanhengar. Liksom Ivar Kleiven skreiv han på dialekt, varsamt normalisert. Han var ein språkleg meister. Språket skulle ikkje berre bere framstillinga, men skulle vere eit vitnemål for seinare generasjonar om korleis Øyer-målet var i første helvta av det tjuande hundreåret. Bygdeboka skreiv han ved sida av gardsarbeidet, og han ville ikkje ha betaling. At verket kom ut, var løn nok.
Posthumt i 1990 vart han heidra av Øyer kommune med utgjevinga av Tanke og tru, eit utval av Tor Iles dikt, dei fleste skrivne rundt 1920. I samlinga finn ein òg den Øyer-songen som han skreiv.
I Øyer var han til ulike tider medlem i heradsstyre og skulestyre, medlem i ysteristyret, formann i fattigstyret og formann i styret for Sørbygdsvegen. Han var tillitsmann for oldsaksamlinga ved Universitetet i Oslo, medarbeidar ved folkeminnesamlinga til Bergens museum, medlem av styret for Maihaugen og formann for Gudbrandsdal historielag.
I 1956 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. I 1958 fekk han kulturprisen for Gudbrandsdal.
Kjelder
Minneord. Aftenposten 26.1.1966
M. Høgåsen: «Bygdebokskrivarar med kongens gull. På innsteg i heimen hans Tor Ile». Årbok for Gudbrandsdalen 1963. Otta 1963
Tor Ile: Bygdabok for Øyer. Øyer 1958–80
Tor Ile: Seterbruket i Noreg. Bygdene Øyer, Fåberg, Østre Gausdal, Vestre Gausdal, Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron i Gudbrandsdalen. Øyer 1938
Tor Ile: Tanke og tru. Utgitt av Øyer kommune 1990 i anledning 100-årsjubileet for hans fødsel. Øyer 1990
Ola Matti Mathisen: «Reiste bok-monument over bygda si». I Kristian Skullerud mfl. (red.): Århundrets døler. Lillehammer 1999
Oluf Turtumøygard: «Bygdehistorikaren Tor Ile». Årbok for Gudbrandsdalen 1996. Otta 1966
Lars S. Vikør: «Dialekt som skriftspråk i Gudbrandsdalen». Årbok for Gudbrandsdalen 1991. Lillehammer 1991
Tore Ørjasæter: «Kring Bygdebøkene hans Tor Ile». Årbok for Gudbrandsdalen 1963. Otta 1963

Først publisert: 11.04.2012
Sist oppdatert: 02.07.2013