Hopp til innhold
Foto: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor
Foto: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor
X
Innhald

Torbjørn Røe Isaksen

Torbjørn Røe Isaksen, statsvitar, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Telemark og noverande næringsminister.

Torbjørn Røe Isaksen er fødd 28. juli 1978 i Ålesund i Møre og Romsdal, men voks opp i Porsgrunn i Telemark. Han var elev ved Porsgrunn videregående skole i 1994–98 og var utvekslingsstudent i Missouri i USA i 1995–96. Røe Isaksen har ein mastergrad i statsvitskap frå Universitetet i Oslo i 2008, med ei masteroppgåve om Friedrich Hayek. Han har òg idéhistorie og medievitskap i fagkrinsen. Han var bistandspolitisk sekretær i Høgres Studieforbund i 2002–04, prosjektmedarbeidar for tankesmia Civita og redaktør for tidsskriftet Minerva i 2008–09, stortingsrepresentant for Høgre frå Telemark 2009–17, og kunnskapsminister i Solberg-regjeringa frå 2013. Frå 2018 er han næringsminister i den same regjeringa, etter at ho vart utvida med Venstre.

Røe Isaksen var leiar i Porsgrunn Unge Høgre i 1995–96, nestleiar i Telemark Unge Høgre i 1996–97 og leiar i 1997–99. Han var medlem av sentralstyret i ungdomsorganisasjonen i 2000–02, nestleiar i 2002–04 og leiar i 2004–08. Han var bystyrerepresentant for Høgre i Porsgrunn i 1999–2003, 2008–11 og 2015–19, varamedlem i 2007–08 og varamedlem i fylkestinget i Telemark i 2007–07. Frå 2007 er han medlem av sentralstyret i Høgre. Røe Isaksen var vararepresentant til Stortinget for Telemark Høgre i 2005–09 og var vald inn på fast plass i to periodar, 2009–17. Han stilte ikkje til attval ved stortingsvalet i 2017. 

Han er ein sentral politikar i Høgre, med ein frisk og open stil, ein tydeleg politisk ideolog og ei synleg røyst i media. Som arbeidspolitisk talsperson for Høgre la han ballen død om sjukeløn under valkampen i 2013 og hindra med det at partiet fekk arbeidstakarorganisasjonane på nakken. Som kunnskapsminister vil han satse på etter- og vidareutdanning og forsking, og han vil styrkje lærarutdanninga ved å gjere henne til eit masterstudium.

Røe Isaksen var leiar av styret for tidsskriftet Minerva i 2008–13 og medlem av rådet for Helsingforskomiteen. Han har markert seg som debattant og har gitt ut fleire bøker, mellom anna var han redaktør for debattbøkene Velferd etter velferdsstaten (2004) og Konservatisme (2011), den siste saman med Henrik Syse. I 2008 gav han ut Høyre om! For en ny konservatisme og i 2013 Den onde sirkelen.

Kjelder

Torbjørn Røe Isaksen, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TRI [lesedato 20.10.2013]

Om Torbjørn Røe Isaksen på nettsida til Høgre, hoyre.nohttps://hoyre.no/personprofiler/t/i/torbjorn-roe-isaksen/ [lesedato 23.1.2019]

Artikkel om Torbjørn Røe Isaksen på snl.nohttp://snl.no/Torbj%C3%B8rn_R%C3%B8e_Isaksen [lesedato 20.10.2013]

Peikarar

Bloggen til Torbjørn Røe Isaksen

«I dag blir Torbjørn Røe Isaksen kunnskapsminister», Uniforum

«Vekk fra bunnlinjepolitikken», bokmelding av Høyre om!prosa.no

Først publisert: 23.01.2014
Sist oppdatert: 23.01.2019