Hopp til innhold
X
Innhald

Ida Berqvam

Ida Berqvam. Foto: Arne Stubhaug.

Ida Berqvam. Foto: Arne Stubhaug.

Ida Kristine Berqvam fødd 1948, frå Førde. Bondekone på garden Falkenstein, forretningskvinne og arkitekt.

Saman med ektemannen Guttorm Berqvam og Norvald Årdal (sjå Kjende personar i Jølster fødde år 1930-1950) kjøpte ho i 1986 det nedlagde Sunnfjord Slakteri og bygde det om til fylkets største handelssenter til då – Handelshuset.

Bygget har seinare vorte mykje utvida. I 1992 bygde Ida Berqvam forretningsbygget som idag husar møbelforretninga Bohus (tidlegare Idè), og bustader i to toppetasjar. Berqvam bygde i 2005 Handelshus II som gav om lag dobla areal.

Berqvam har også eigardeler i andre forretningsbygg i Førde, og eig også tidl. ”Ullsentralen” - eit gamalt forretningsbygg ved sida av Førde Meieri.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.12.2010