Hopp til innhold
X
Innhald

Idun Anderssen Husabø

Idun Anderssen Husabø er forskar og forfattar. .

Idun Anderssen Husabø fødd 1980 i Leikanger, er forskar og forfattar. Ho er Cand. mag. i samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen, graden MSc Asian Politics frå School of Oriental and African Studies ved University of London.

Ho arbeidde som journalist i NRK Sogn og Fjordane 2003-2005. I 2004/2005 var ho i Kina i regi av Fredskorpset og Røde Kors Nordisk United World College. I 2006 vart ho tilsett som trainee i Vestlandsforsking i Sogndal, der ho seinare vart forskar. I 2011-2014 var ho tilsett som seniorrådgjevar i Kompetansesenter for distriktsutvikling i Sogndal. Husabø arbeider i dag som klimaforskar i tillegg til å drive med forskingsformidling for Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Ho har skrive tekstane i bøkene ”Kjartan Slettemark – kunsten å falle” (Skald 2009) med foto av Brita Olsson og ”Balestrand” (Skald 2011) med foto av Knut Bry, i tillegg til to av portretta i «Det fleirspråklege Noreg» (Skald 2013)

Dotter til Anders Anderssen.



Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.03.2016