Hopp til innhold
X
Innhald

Inge Fænn

Inge Fænn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inge Fænn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inge Fænn, fødd 1945 i Markane. Redaktør og organisasjonsmann.

Fænn har vore journalist i «Fjordingen» og styrar for «Sunnmørsposten»s avdelings-kontor i Stryn før han i 1996 vart redaktør i «Fjordingen».

Leiar i hovudkomiteen for ski-NM i Stryn 1996. Leiar i Sogn og Fjordane Skikrins.

Medforfattar av bøker om Alexandra Hotell og fotballspelarane Flo - «Flo United», og forfattar av ”40 år med buss i vest” (Vest-Buss Car AS) i 2005. Medforfattar av boka "Skåla - fjellet og folket" i 2011 (Selja Forlag). I 2014 gav han ut boka «Anders Svor. Bilethoggaren frå Hornindal» (Skald Forlag).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015