Hopp til innhold
X
Innhald

Ingemar Nordstrand

Ingemar Nordstrand i 2012. Foto: Tone Merete Lillesvangstu, NRK.

Ingemar Nordstrand i 2012. Foto: Tone Merete Lillesvangstu, NRK.

Ingemar Nordstrand fødd 1932 i Hyllestad. Lærar, Venstre-politikar, journalist, forfattar og «vegbergar».

Nordstrand er særleg kjend for det store arbeidet han har lagt ned for restaurering og merking av gamle vegar – m.a. den gamle hovudvegen gjennom Vindhella i Lærdal og Den Trondhjemske Postvei (sjå Den Trondhjemske Postvei i Hyllestad og Vindhellavegen).

Han har m.a. skrive «Postvegen Bergen- Trondheim» (Samlaget 1996), «Vegfolk fortel – minne frå Sogn og Fjordane» (Statens Vegvesen) og «50 år med Svultingen 1939-1989». Som lokalhistorikar er Nordstrand m.a. redaktør av sogeheftet for Hyllestad.

I yngre år reiste Nordstrand mykje, og var m.a. sauegjetar og gullgravar på New Zealand. Som politikar har Nordstrand vore medlem av landsstyret og leiar i Unge Venstre, medlem av Horten bystyre og formannskap 1963-1972, og ordførar i Hyllestad 1980-1981.

Han tok på 1980-talet initiativet til ein årsviss næringslivskonferanse i Sogn og Fjordane og skiping av «Profilprisen» for det lokale næringslivet. Frå 1986 til 1988 gav han ut tidsskriftet «Samfunn og næring i Sogn og Fjordane» (sjå Aviser og media i Førde)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.06.2012