Hopp til innhold
X
Innhald

Ingrid Bjørkum

Ingrid Bjørkum fødd 1957 i Drøbak, oppvaksen i Naddvik. Assisterande fylkesmann, forfattar. Eksamen i ressursøkonomi ved Norges Landbrukshøgskole 1980. Har vore tilsett i Akerhus fylkeskommune, planavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Kontorsjef ved Fylkesarbeidskontoret i Sogn og Fjordane, likestillingskonsulent same stad. Underdirektør ved fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane. Miljøvernsjef hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1995-1997 og ass. fylkesmann same stad frå 1997. Tilsett som avdelingsdirektør i Direktoratet for forvaltning og IKT i 2008.

Ingrid Bjørkum gav 1993 ut ungdomsromanen «Mias dagbok» (Samlaget), og har elles skrive fleire høyrespel for NRK. Søster til Hilde Bjørkum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.02.2010