Hopp til innhold
X
Innhald

Ingrid Loftesnes

Foto: Frøydis Geithus.

Foto: Frøydis Geithus.

Ingrid Loftesnes fødd 1950 i Sogndal. Reiselivssjef og forfattar. Ho har sidan 1970 arbeidd innan reiselivet i Sogn. I 1989 vart ho tilsett som reiselivssjef i Sogndal, dagleg leiar for Sogn og Fjordane Reiselivsråd og leiar for regionsamarbeidet innan reiseliv i Sogn.

I 2012 gav ho ut praktboka «Opplev Sognefjorden» (Skald Forlag) saman med fotograf Finn Loftesnes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2012