Hopp til innhold
X
Innhald

Ingvald Husabø

Ingvald Husabø (nr. to frå høgre) saman med resten av dei tilsette i prenteverket han starta på Leikanger. Foto: Sogningen/Sogns Avis.

Ingvald Husabø (nr. to frå høgre) saman med resten av dei tilsette i prenteverket han starta på Leikanger. Foto: Sogningen/Sogns Avis.

Ingvald Husabø (1896-1963) fødd i Balestrand, busett på Leikanger. Trykkeri- og aviseigar.

Starta i 1930 Ingvald Husabø Prenteverk AS på Leikanger, etter at han i fire år hadde drive trykkeri i Vik. I 1957 kjøpte Ingvald Husabø forlagsretten til avisene Sogningen og Sogns Avis og slo dei saman under tittelen Sogningen/Sogns Avis (SSA) med utgjevarstad Leikanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011