Hopp til innhold
X
Innhald

Ingvald Ulveseth

Ingvald Ulveseth fødd 1924 i Fjell, busett på Systrond og i Fjell på Sotra. Ingeniør, Arbeidarparti-politikar, statsråd og fylkesmann.

Bygningsingeniør frå NTH i 1949. Arbeidde i bygningsteknisk konsulentfirma i Bergen 1949-1952. Kommuneingeniør i Fjell 1952-1961. Tilsett i familiebedrifta Brødrene Ulveseth A/S 1961-1964. Fylkesmann i Sogn og Fjordane 1971-1994. Medlem av Hordaland fylkesting 1958-1965. Vararepresentant for Hordaland 1961-1965, representant frå same fylke 1965-1973.

Statssekretær i Kommunal- og arbeidsdepartementet 1964-1965. Statsråd i Industridepartementet 1973-1976.

Mellom ei mengd offentlege verv var Ingvald Ulveseth formann i Vestlandskomiteen (landsdelsplankomite) 1965-1971. Styremedlem i Utviklingsselskapet for Næringslivet på Vestlandet 1975-1994, leiar i oljeutvalet i Sogn og Fjordane 1976-1995. Medlem av vegplanutvalet for Norsk Vegplan II til 1973. Rådsformann 1977-1978 og styreformann i Distriktenes Utbyggingsfond 1978-1985. Medlem av vidareutdanningskomiteen 1965-1970.

Medlem og leiar i NTNFs komite for bygg- og anleggsteknisk forsking 1967-1972. Varaformann i styret for Statens Naturskadefond 1972-1976. Medlem av Skipsbyggingsutvalet 1976-1978. Styremedlem i Utviklingsfondet 1976-1979, i styret for Industrifondet 1976-1983. Formann i byggjenemnda for Det Norske Teatret 1977-1985.

Av styreverv i private verksemder har han m.a. vore styreformann i Bergen Arbeiderblad 1968-1974, styremedlem i Norsk Hydro 1970-1973, styreformann for Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS 1976-1982 og medlem i bedriftsforsamlinga i Widerøes Flyveselskap 1981-1995. Kommandør av St. Olavs Orden 1992.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011