Hopp til innhold
X
Innhald

Ingvar Hjermann

Ingvar Hjermann fødd 1934 på Stødno, busett i Bærum. Hjartespesialist og professor i medisin ved Universitetet i Oslo og lege ved Ullevål Sjukehus.

Er ein leiande ekspert på livsstilssjukdomar, særleg årsakene til hjarteinfarkt. Han stod sentralt i arbeidet med den store «Oslo-undersøkinga» på 1970-talet, og tok etter arbeid med denne doktorgraden i 1981. Har publisert ei mengd artiklar i internasjonale medisintidsskrift, vore styremedlem i Nasjonalforeningen for Folkehelsen og i Norsk Råd for hjerte- og karsykdommer.

Son til Per Severin Hjermann og bror til Per S. Hjermann.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2009